Når staden blomstrar!
Eg kjende roen senke seg medan eg spaserte frå sentrum til Førde Gjestehus og Camping. Eit steg om gongen, gjennom eit landskap eg har vore i mange gonger før, men denne gongen med eit ekstra lag av meining.
Langs vegen
Eit gamalt, raudt hus på grøn slåttemark
Sauar som beitar
Ei herleg blanding av by og bonde, av røter og rørsle
Ein påminnar om det vi vil ta vare på, og det vi skal bygge vidare på
Eg hadde reist med båt frå Måløy til Florø, og tatt bussen vidare til Førde. Offentleg transport, akkurat slik vi heiar på i arbeidet vårt. Eg likar ventetid. Ho gir plass til tankar og pust. Ei bok i veska, alltid.
Denne gongen las eg ikkje. Eg berre sat. Og såg. Kjende. Reflekterte.
I går fekk FjordKysten og Sunnfjord ta imot diplom for Merket for Berekraftig Reisemål saman med Askvoll kommune, Fjaler kommune, Hyllestad kommune, Kinn kommune, Solund kommune og Sunnfjord kommune. Eit felles løft for regionen og ei anerkjenning av innsatsen som er lagt ned av kommunar, næringsliv, destinasjonsselskap og eldsjeler over tid.
Men det handlar om meir enn diplom og dokumentasjon.
For destinasjonsutvikling er ikkje lenger å rope høgast eller å jage klikk og volum.
Det handlar om å berøre hjarte.
Å skape retning, verdi og tillit i eit landskap der folk har navigasjonen i lomma og valfridom på fingertuppane.
Vi er ikkje berre marknadsførarar
Vi er vertskap
Forvaltarar
Av landskap og livskraft
Av moglegheiter og meining
Enno er dette ulendt terreng for mange, men eg har trua
På verdien for fellesskapet
På skilnaden mellom Keisaren sine nye klede og ekte transformasjon
Det handlar ikkje berre om å forvalte eit reisemål, men om val forankra i eit nytt verdigrunnlag, eit endra tankesett
Vi skal ikkje pakke staden inn i glanspapir
men vise fram det sanne, det levde
Våge å vere ærlege
Vare
Tilstade
For reisande søker ikkje berre utsikt
Dei søker innsikt
Tilhøyrigheit
Oppleving som rører noko djupt
Då må vi også ta vare på det som bur her
på rytmane, naturen, kulturen og menneska
For når staden blomstrar, då blomstrar alt rundt han også
Takk til alle dykk som gjer arbeidet mogleg
Takk for innsats, samarbeid, tålmod og retning
Og takk til Innovasjon Norge Reiseliv for ramma som gjer det mogleg å bygge heilskap, ikkje berre tiltak
Så kanskje vi, saman, kan legge bak oss det som har vore
Utan å gløyme, men med vilje til å gå vidare
Tre inn i noko som kjennest sant
Noko vi kjenner i kroppen
Noko vi trur på
Eg sat med blomar i fanget på vegen heim
Ein symbolsk takk, men også eit lite frø
For alt som spirer, veks og verkar når vi tør å vere vertskap
for både staden og kvarandre