Reiseliv 3: Berekraftig reiselivsutvikling

I arbeidet med reiselivsutvikling har omgrepet berekraft fått mange ansikt. Vi snakkar om miljømerking, utsleppskutt, sirkulær økonomi, lokal verdiskaping og forvaltning av natur. Alt dette er viktig. Men kva skjer når vi løftar blikket og ser berekraft ikkje berre som eit mål vi skal oppnå, men som ein eigenskap ved levande system? Ikkje berre som strategi, men som økologi?

Økologisk berekraft – omgrepets røter og tyding

Før Brundtland-rapporten og FN sine berekraftsmål blei lansert, fanst det allereie eit ord med kraft: Økologisk berekraft, slik Lester Brown og andre pionerar brukte det på 1970-talet. Då handla det om naturens tålegrense, om kretsløp og om forholdet mellom menneskeleg aktivitet og naturens evne til å fornye seg sjølv.

Då Brundtland-kommisjonen i 1987 kopla berekraft til utvikling, blei omgrepet både utvida og omforma. Det blei gjort tilgjengeleg for fleire, og romma no òg sosiale og økonomiske omsyn. Men samstundes skjedde noko vesentleg: utviklingslogikken tok over. Berekraft blei noko vi skulle produsere, måle og rapportere på. Noko som kunne styrast og setjast i system. I denne omsetjinga blei naturens eigen rytme dempa, og dei økologiske føresetnadene underordna utviklingsmåla.

Vi fekk ei definisjon som opna for samarbeid på tvers av sektorar, men som òg risikerte å gjere berekraft til eit rammeverk for fortsatt vekst – berre i ei litt grønnare drakt.

Merket for berekraftig utvikling – eit positivt steg med utviklingspotensial

I Noreg har initiativ som Merket for berekraftig utvikling, som gir reiselivsaktørar ei etterspurd ramme for å jobbe med miljø, samfunnsansvar og økonomisk verdi. Merket har utan tvil bidratt til å løfte fokus på konkrete tiltak og synleggjere innsats gjennom indikatorar og rapportering.

Samtidig kan slike sertifiseringsordningar fyrst og fremst fungerer som måleverktøy, dei syner korleis det står til på eit gitt tidspunkt og kva tiltak som er gjennomført. Det som i mindre grad kjem fram, er korleis desse verkemidla kan vere ein del av eit større system og ein levande prosess for endring.

Eg saknar eit sterkare fokus på systemforståing og på korleis reiselivsaktørar kan arbeide med å endre eigne prosessar, kultur og samspel, ikkje berre levere på punktvise krav. For å få til ekte berekraftig utvikling må vi sjå reiselivet som eit dynamisk økosystem, der løpande læring, tilpassing og samspel med natur og lokalsamfunn er like viktig som å dokumentere tiltak.

Difor trur eg neste steg må vere å utvikle meir heilskaplege styringsverktøy, der Merket kan bli meir enn ein statusrapport, og i større grad fungere som eit rammeverk for kontinuerleg forbetring og systemisk transformasjon.

Naturen som system – og fellesskap

Eit økosystem er ikkje ein ressursbank. Det er eit fellesskap av liv, i kontinuerleg rørsle og balanse. Det er relasjonar mellom artar, landskap, klima, næring, død og fornying. Eit levande system.

Reiselivet er ein del av slike system. Det påverkar og vert forma av økosystema, anten vi erkjenner det eller ikkje.

Å forstå reiselivet sin rolle i naturens nettverk krev at vi spør:

  • Kva slags rytmar og grenser finst her allereie?

  • Kva slags samspel er vi ein del av?

  • Kva skjer med økosystemet si balanse når vi etablerer nye stiar, byggjer nye hytter eller fyller fjordane med båtar og vegane med bussar og bobilar?

Om vi forstår naturen som eit system med eigne behov og grenser, er det ikkje nok å «bruke den på ein berekraftig måte». Då må vi heller spørje korleis reiselivet sjølv kan bidra til å styrkje naturen sin regenerative kraft.

Frå prinsipp til praksis – økologisk tenking i reiselivet

Naturens prinsipp er ikkje abstrakte. Dei er konkrete, verksame og overførbare. Om vi verkeleg ønskjer å utvikle eit reiseliv i tråd med økologisk berekraft, kan vi byrje med å lytte til naturen sine eigne mekanismar.

  • Eit mangfaldig økosystem er meir robust enn eit einsarta. Slik òg i reiselivet; mangfald i tilbod og aktørar skaper motstandskraft.

  • I naturen heng alt saman. Slik òg i reiselivet; vi er avhengige av samarbeid mellom lokalsamfunn, forvaltning, næringsliv og naturgrunnlag.

  • Naturen opererer i rytmar og sesongar. Reiselivet kan spegle dette ved å tilpasse seg lokale syklusar og skape rom for kvile og gjenvekst.

  • I naturen finst grenser, ikkje som hindringar, men som livets rammer. Slik òg hjå oss; bereevne handlar om visdom, ikkje avgrensing.

  • Og kanskje viktigast; naturen byggjer på samspel, ikkje konkurranse aleine. Det gir eit bilete av eit reiseliv som delar, samarbeider og tek felles ansvar.

Reiselivet som ein del av det levande

Kva om vi byrjar å sjå reiselivsaktøren som ein økologisk aktør? Ikkje berre som ein produsent av opplevingar, men som ein medspelar i landskapet sine rytmar. Då blir guiden si rolle meir enn formidling; det blir ei støtte for forbindinga mellom menneske og natur. Då handlar ikkje vertskap berre om service, men om å halde rom for gjensidig respekt og tilstedeværelse. Då blir reiselivet eit system som sjølv bidreg til liv.

Dette er ikkje idealisme. Det er ei naudsynt dreining frå forbruk til forhold, frå vekst til berekraft, frå tiltak til tenkemåtar.

Eit system som held saman

Når vi gjenkjenner reiselivet som ein del av økosystemet, og ikkje noko utanfor, endrar vi òg korleis vi vurderer suksess. Det handlar ikkje lenger berre om besøkstal, innovasjonsgrad eller synlegheit i marknaden. Det handlar om kvaliteten på samspelet, om forholdet mellom menneske og landskap og om evna til å støtte regenerering, ikkje berre skape aktivitet.

Eit reiseliv som følgjer naturens prinsipp, er ikkje passivt eller avgrensa. Tvert imot; det rommar meir kreativitet, heilskap og langsikt. Det blir ein del av naturens rytme og samstundes ein kulturbyggjar i sitt eige lokalsamfunn.

Til ettertanke

Vi kan ikkje styre naturen, men vi kan lære av han. Vi kan ikkje kontrollere økosystem, men vi kan møte dei med respekt. Og kanskje er det nett dette som er den største moglegheiten for reiselivet – å bli ei næring som ikkje berre hentar verdi frå naturen, men som sjølv bidreg til liv.

Dette ønsker eg å gripe tak i med eit rammeverk som skapar heilskap og liv - som gir rørsle, retning og forankring i det som er, det som verkar, og det som kan bli.

Men eit systemisk rammeverk handlar ikkje berre om struktur og samspel. Det handlar også om forteljingane vi skaper og lever i.

Kven eig eigentleg forteljinga om reiselivet? Det vil eg utforske i Reiseliv 4: Reiseliv 4: Kven eig fortellinga om reiselivet? — Flow Studio